23.jpg

LOVECULT – PLEASE BE MINE (DC#23)

Ålesundsgjengen gir ut singel på singelklubben Diamond Club før debutalbumet endeleg kjem 18. oktober.

«Please Be Mine» er første smakebit av Lovecult sitt komande album. Låta er miksa av Spacemen 3 sin eigen Pete «Sonic Boom» Kember, som har blant anna MGMT «Congratulations» og Panda Bear «Tomboy» på rullebladet – i tillegg til sine eigne legendariske prosjekt. Låta bygger på ei kordrekkje bandet alltid kom tilbake til, men aldri fann rette songen til – før siste timen, like før dei gjekk i studio.

Diamond Club er plateselskapet Brilliance sin singelklubb. Månadens singlar markerast med ein showcase som i oktober skjer på Chagall, torsdag 24. oktober. Lovecult spelar DJ-sett.

Med forførande og suggerande driv, og tydelege referansar til både 70-talets krautrock og 80-talspop er Lovecult sitt lydbilete lågmælt og tidvis djupt hypnotiserande. Dei enkle strukturane i låtskrivinga vert toppa av dristig instrumentering og sterke melodilinjer. Bandet oppsto på Legal i Bergen i 2008, og fekk inntog i norsk musikklandskap då dei vart kåra til Ukas Urørt same år. I 2011 spelte dei på by:Larm.

Debutalbumet skimtar med fleire store namn på mikselista, er spelt inn med Ådne Meisfjord frå 120 Days og produsert av Emil Nikolaisen.